www.symrehudkrem.no
? Sommarpakke til heile kroppen ?
? Sommarpakke til heile kroppen ?
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
- Miljøvennlig produkt
- Lokal bedrift
- Godkjent av Eco Nuw
Sommarpakke til heile kroppen!
PAKKA INNEHELD:
Ansiktskrem med ringblomst og lavendel.
Symre ansiktskrem med ringblomst, mandelolje & lavendel passar for alle hudtypar, men er særskilt god for tørr og sensitiv hud. Kremen er mjukgjerande og næringsrik.
Den inneheld få og naturlege ingrediensar:
Talg utgjer basen for kremen og er fantastisk for huda vår! Talg har særs lik feittsyreprofil som huda vår, og trekker difor raskt inn og gir næring. Har eit naturleg innhald av feittløyselege vitaminar som A, D, E, K.
Ringblomstolje er eit vidundermiddel for huda. Ringblomst er ein av dei mest brukte vekstane i naturleg hudpleie. Den kan virke regenererande, helande og beroligande. Til tørr problemhud er dette ei veldig god olje. Ringblomst er også kjent for å vera helande for solbrent hud.
Mandelolje er veldig mykje brukt i hudpleie for sine gode eigenskaper. Me brukar søt mandelolje som er økologisk og kaldpressa, slik at den bevarer mest mogleg av olje sine næringsstoff. Det er ei mild og halvfeit olje som passer til alle hudtypar. Men særskilt er mandelolje kjent for å vera bra for sensitiv og tørr hud. Mandelolje inneheld vitamin A, B1, B2 og E, og er rik på feittsyrer. Den kan virka lindrande på kløe og vera betennelsesdempande.
Lavendel har ei nydeleg og beroligande lukt. Lavendel kan ha god effekt ved både eksem og lett solbrentheit. (60ml)
+
Kroppskrem med nesle, løvetann & ylang-ylang som gir fuktigheit og næring.
Spesielt beroligande ved irritert og nuppete hud etter barbering av legger, lår og bikinilinje.
Brennesla er god til både hud, negler og hår ettersom den inneheld mykje silisium – eit viktig mineral for huda.
Brennesle kan ha god effekt på eksem og irritert hud. Løvetann er ein allsidig plante som mellom anna inneheld A-vitamin A, B1, B2, C, D, E og biotin som er bra for hud, hår og negler. Nydeleg aroma av ylang-ylang. (60 ml)
+
Sminkefjerner & augebalsam ylang-ylang
Smør tynt på i ansiktet og tørk forsiktig av med ein mjuk klut / sminkepad. For å fjerne maskara så smører du litt på auge/augevipper og gnikker lett. Tørk av med mjuk klut / sminkepad. Skal ikkje vaskast av!
Eit lite tips når all sminke er fjerna så smører du på litt ekstra rundt augo, men gjerne også i resten av ansiktet om du ønsker det. Kremen fungerer veldig godt som nattkrem, og er ein god balsam til hovne, raude, tørre auger.
Og berre så det er sagt: sjølv om fleire av ingrediensane i denne kremen er helande og med såkalla oppstrammande effekt, så er dette ingen «anti-aging»-balsam som skal hjelpe mot rynker. Me heier faktisk på rynker og alderdom, og meiner at kroppen er fantastisk slik den er! (15ml)
- Reviews and Ratings
My Reviews
Sort Reviews
Thanks for the review. We are processing your review, this may take several days.




