www.symrehudkrem.no
Universalkrem med mynte – god til eksem og som kuldekrem
Universalkrem med mynte – god til eksem og som kuldekrem
Kunne ikke laste inn hentetilgjengelighet
- Miljøvennlig produkt
- Lokal bedrift
- Godkjent av Eco Nuw
Symre universalkrem med mynte er ein allsidig krem for heile kroppen. Den er mjukgjerande, næringsrik og inneheld få og trygge ingrediensar. Kremen kjem i krukke på 60 ml eller i ein liten og praktisk 30 ml-boks som enkelt får plass i lomma, veska eller sekken!
Bruk den som ein ekstra næringsrik ansiktskrem og kroppskrem ved tørr hud
❄️ God som kuldekrem!
Me har fått mange gode tilbakemeldingar på at denne er ekstra god ved eksem og andre hudproblem
Smør den på muskelsmerter/verk
Smør den under nesa ved forkjølelse
Den er trygg og god til barn – og er super som kuldekrem. Grønmynte er ei av dei eteriske oljene som ein reknar som trygg til barn. Hovudinnhaldet i denne kremen er talg og planteolje, og kun 0,49 % eterisk olje. Til barn skal ein likevel alltid vera forsiktig, og me anbefaler å teste ut på eit lite område på huda først. NB! Til spedbarn under 3 mnd bør ein ikkje bruke eteriske oljer, prøv heller då vår universalkrem naturell.
Uttrekk av mynte frå den vesle marknadshagen vår og eterisk olje av grønnmynte kan ha ein kjølande, klødempande og antiseptisk effekt. Mynte kan også virke godt på muskelsmerter og til å smøre under nesa ved forkjølelse.
Ved å kjøpe Symre hudkrem får du eit lokalt handverk laga på lokale ressursar. Du får trygge og miljøvennlege produkt som er heilt utan plastikkemballasje. Du støttar vestlandsk jordbruk og levande bygder, ei kvinnebedrift og små arbeidsplassar!
INNHALD INCI: Tallow, Carthamus Tinctorius, Mentha Arvensis Leaf Extract, Mentha Spicatha
INNHALD PÅ NORSK: Økologisk talg frå eigen gard og frå utvalde gardar i lokalmiljøet vårt, økologisk kaldpressa tistelolje, uttrekk av økologisk mynte dyrka på garden vår, eterisk olje av grønnmynte
HALDBARHEIT: Minimum 6 mnd etter at krukka er opna, men som regel held kremane seg veldig mykje lenger! Oppbevar i romtemperatur, ikkje i direkte sollys. Ingen av kremane våre inneheld konserveringsmiddel.
Kremen er sertifisert og har sikkerheitsrapport.
30 ML / 60 ML
- Reviews and Ratings
My Reviews
Sort Reviews
Thanks for the review. We are processing your review, this may take several days.





